21.04.20 Kilan, Flatanger, dag 2

Starta dagen tidleg. Veit ikkje kvifor men eg vaknar opp før kl 06 å får ikkje te å sovne igjen. Det kan jo ha med spenningen rundt alt det nye eller kulde. Eg er ein skikkelig frysepinn medan Åsmund er glodvarm. Eg ligg med flisbukse, raggsokkar ullunderskjorte og ullbøff som nattlue, Åsmund sin påkledning er lik null. Er har to ulltepper og to flispledd, Åsmund ingen. Sengeteppe har vi faktisk begge oppå vinterdyna. Trass i alt dette så frys eg. Nok om det. Vi starta dagen som vanlig, eg laga kaffe og dekka til frukost før Åsmund står opp.



Etter maten for vi rett bort på kaien for å fiske. Sorry, men no kjem nokre skrytebilete
Fekk fleire men da må no vera måte på skrytebileter. Eine fisken Åsmund fekk vart ei tøff nøtt. Flytebrygga vi stod på er jo festa til botn med kjettingar. Torsken klarte akkurat å svømma minst ein heil gong rundt kjettingen. Der stod den bom fast. Etter at den hadde kjempa rundt en times tid blei den so trøyt at eg klarte å dra den rundt. Det som skjedde både på den og min største, var at i det sekundet vi hadde dratt fisken opp på flytebrygga så sleit gøtten, men fiskane var oppe. Vi burde nok ha skifta gøtt på stengene for den som er på nyekjøpte stenger pleier være i tynnaste laget.
Lønsj ute i solveggen.
Blir ingen middag i dag sidan vi åt varm lønsj. Etter maten gjekk vi tur over åskammen på eine sida av bukta. Sjølvsagt tok me bileter
Ein flott tur med nydeleg utsikt. No er eg kald etter tur medan gubben er varm og fornøyd. Vi liker oss godt her i tosomhet i bukta. No blir det en rolig aften for i måro er det tidleg opp som vanlig.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Levanger - Troms 24.05.25 - 31.05.25

Troms - Finnmark 01.06.25 - 12.06.25

Finnmark - Levanger 13.06.25 - 25.06.25 - Kjørt: 6.600 km totalt tur retur Levanger