Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2020

18.10 - 22.10.20 Øygarden

Bilde
 Kjørte rett til destinasjonen, ytterst i Øygarden, Hellesøy! Utsikt i retning Fedje mot Rotøyna, Pollen og Osen. Hellesøyna, billelita og sjarmerande.  Utsikt i begge retningar mellom Hellesøyna og Førehjelmo. Gjekk mykje tur og såg etter stillits som fleire har sett her i Øygarden den siste veka, men me fekk ikkje sett noko til den. Mykje nedbør, utrulig mykje nedbør fekk me.  Me fekk ikkje sett så mykje av Øygarden som vi ville så her skal me tilbake, håper på finare vær!

03.10 - 06. 10. 20 Sørover til Sæbø, Radøy

Bilde
 Starta tidleg fra Levanger og hadde som mål at vi skulle overnatte på Sæterfjellet i Drivdalen i håp om å få sett fjellreven. Vi kom oss trygt opp og fann ein fin plass til bilen. Var mørkt når me kom fram så me såg ikkje så mykje. Det tok til å blåsa noko heit grusomt og eg som pleier å sova gjennom heile natta vakna i tide og utide av vinden som reiv tak i bilen. Det blei no morning og vi gjekk for å sjå etter fjellreven, Det var fortsatt mykje vind og medan vi gjekk der kom det tjukk tåke i tillegg. Ikkje artig i heile tatt. Vi gav opp forsøket på revejakt med kamera og tenkte vi måtte ned av fjellet medan det var dagslys. På veg nedover fekk vi ikkje varmeapparatet til å virke, det var skittkaldt i bilen. Burde kanskje ha sagt i byrjinga at tidlegere i veka hadde Åsmund bilen på verkstad fordi vifta gjekk så mykje når det var ulogisk at ho skulle det. Det mangla kjølevæske fann de ut der og fylte på. Vi kjørte litt Sørover men, stoppa og sjekka og med var noe feil med kjølevæs...