03.10 - 06. 10. 20 Sørover til Sæbø, Radøy

 Starta tidleg fra Levanger og hadde som mål at vi skulle overnatte på Sæterfjellet i Drivdalen i håp om å få sett fjellreven. Vi kom oss trygt opp og fann ein fin plass til bilen. Var mørkt når me kom fram så me såg ikkje så mykje. Det tok til å blåsa noko heit grusomt og eg som pleier å sova gjennom heile natta vakna i tide og utide av vinden som reiv tak i bilen. Det blei no morning og vi gjekk for å sjå etter fjellreven, Det var fortsatt mykje vind og medan vi gjekk der kom det tjukk tåke i tillegg. Ikkje artig i heile tatt. Vi gav opp forsøket på revejakt med kamera og tenkte vi måtte ned av fjellet medan det var dagslys.




På veg nedover fekk vi ikkje varmeapparatet til å virke, det var skittkaldt i bilen. Burde kanskje ha sagt i byrjinga at tidlegere i veka hadde Åsmund bilen på verkstad fordi vifta gjekk så mykje når det var ulogisk at ho skulle det. Det mangla kjølevæske fann de ut der og fylte på. Vi kjørte litt Sørover men, stoppa og sjekka og med var noe feil med kjølevæska igjen, Det var ikkje kjølevæske så vi snudde og for tilbake til Oppdal. kjøpte og fylte på ny, endeleg varme i bilen, i ca 10 minutt vel å merke. Vi snudde igjen og fann og ein plass vi kunne stå for natta, det var jo tross alt søndag. Vi fekk hjelp til å skifte ein slange på mandag og litt forsinka kom vi oss endeleg på vegen att. Vi kjørte heilt til Strynefjellet og fann oss ein fin stad å stå.
Gjekk lang tur og var endelig trygg på at bilen var i orden att. 






Dagen etter for me rett heim til Sæbø. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Levanger - Troms 24.05.25 - 31.05.25

Troms - Finnmark 01.06.25 - 12.06.25

Finnmark - Levanger 13.06.25 - 25.06.25 - Kjørt: 6.600 km totalt tur retur Levanger